søndag 4. april 2010
Vinden frå vest
-Vinden frå vest, denne gamle vind
Kor eg elskar den vinden
Og det grå yret i lufta
Det legg seg kring folk og gras
Det går i eitt med himmelen
Det blir borte på stranda, kor den kvite sjøen slår
Alt skal bli borte, du, eg, skorne vi trør
Og vinden skal blåsa, havet skal duna
Alt skal vera på plass
Eg kjenner kor god han er den tanken
Vi treng ikkje dra nokon stad
Vi er her.
(Tor Obrestad)