Dette: å være i livet
open for alt ikring
Bunden med sterke røter
til menneske og til ting
Gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik
Var det som gav meining til ferda di
og let deg få kjenne deg rik
Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
At alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt
Og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
Og auker den rikdom som finst der fra før
med alt det dei sjølve er
Fattig var du om aldri
i livet du kjenne fekk
At mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
Av tillit og varme som styrkte
kvart band som til livet deg batt
Og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp
at meir enn du gav, fekk du att.
(Halldis Moren Vesaas)