"Tänka fritt är stort, men tänka rätt är större." (Thomas Thorild)


lørdag 2. april 2011

Eit under av ei bru

"Kvart menneske er som ei øy, som kjent. Så det må bruer til. Uendeleg mange slags bruer. Naturleg nok har vi lært den bygningskunsten grundig. Det fins finare bruer enn ord over til andre, men berre i den rette, sjeldne stunda. Den lydlause stunda når alt står stille for ikkje å gå i stykker, medan den minste rørsle er ei gåve på same tid - då er ord ubrukelege. Eller når ein fingertupp langs ein arm er som springande bruer av gull. Likevel: tusen gonger oftare er ordet bru. Eit under av ei bru."


(Tarjei Vesaas)